Seterferie
Håvardsrud Seterliv har vore i drift sidan 2005. Kvar sommar reiser me på setra med mjølkekyrne og dei andre dyra på garden. Her gjeng dei på utmarksbeite og me får god mjølk som mebrukar til ost, rjome, smør og prim. Me ysnkjer gjester velkomne til å bu og besøke osspå setra så små og store kan læra og fylgje med dyr og arbeid! Me har seterkafe og ein splitter ny bakaromn til servering av rjomegraut, spekemat og bakevarer. Her kan ein også kjøpe med seg setermat og nokre andre produkt frå lokale bønder!