Vossaponni

Vossaponni Vossaponni
(1)

19/04/2024

Grønt Nivå er fullteikna! Kjempe kjekt at det er så mange som er interesserte i å læra meir om hest og ponnihald! Me gler oss!🤩

Hei alle ponnivener! 🤩 Vossaponni er klare for ein ny omgang med Grønt Nivå🐴🐴🟢Grønt Nivå har oppstart onsdag 8. mai. Det...
13/04/2024

Hei alle ponnivener! 🤩 Vossaponni er klare for ein ny omgang med Grønt Nivå🐴🐴

🟢Grønt Nivå har oppstart onsdag 8. mai. Dette nivået er for nybyrjarar og går over 5 onsdagar frå kl. 17:00-18:30/19:00 til 5. juni. Foreldre er med om det er behov for det. Pris: 1500kr per elev.

⏰ Påmeldinga åpnar fyrstkomande mandag 15.april kl.18.00 og dei fyrste som melder seg på får plass. Påmelding skjer ved å sende mail til [email protected] med fullt namn og alder på den som skal meldast på.

For meir info vedrørande nivået sjekk ut brosjyra og ynskjer de meir info utover dette, så send ein mail.

📣Del gjerne med alle de tenkjer at dette kan vera interessant for. Me gler oss til nye møter med både nye og kjente kjekke unga og vaksne!

Det er framleis to ledige plassar på grønt nivå (nybyrjarar). Kurset går over 5 onsdagar, oppstart fyrstkomande veke. Gu...
03/03/2024

Det er framleis to ledige plassar på grønt nivå (nybyrjarar). Kurset går over 5 onsdagar, oppstart fyrstkomande veke.
Gult nivå er fullteikna.

Hei alle ponnivener! 🤩 Vossaponni er klare for ein ny omgang med kurs etter vinterferien. 🐴🐴🟢Grønt Nivå har oppstart ons...
18/02/2024

Hei alle ponnivener! 🤩 Vossaponni er klare for ein ny omgang med kurs etter vinterferien. 🐴🐴

🟢Grønt Nivå har oppstart onsdag 6. mars. Dette nivået er for nybyrjarar og går over 5 onsdagar frå kl. 17:00-18:30 til 10. april (fri i påsken) Foreldre er med om det er behov for det. Pris: 1500kr per elev.

🟡Gult nivå har oppstart mandag 26. februar. Dette nivået er for dei som har litt erfaring med ponni/hest frå før og vil lære meir og verte meir sjølvstendige både med riding og køyring. (Sjå bilete under for meir info). Gult nivå går over 10 mandager frå kl. 17:00 -19:00, til 13. mai (fri i påsken). Pris: 3000kr per elev.

⏰ Påmeldinga åpnar mandag 19.2 kl.18.00 og dei fyrste som melder seg på får plass. Påmelding skjer ved å sende mail til [email protected] med fullt namn og alder på den som skal meldast på samt kva nivå bornet skal være med på.
For meir info vedrørande nivået sjekk ut brosjyra og ynskjer de meir info utover dette, så send ein mail.

📣Del gjerne med alle de tenkjer at dette kan vera interessant for. Me gler oss til nye møter med både nye og kjente kjekke unga og vaksne!

TIL ALLE GAMLE GODE VOSSAPONNIVENNER OG TIL ALLE DYKK SOM LURE OG SOM ER VÅRE POTENSIELT NYE! TA TUREN OG SJEKK UT KVEN ...
06/02/2024

TIL ALLE GAMLE GODE VOSSAPONNIVENNER OG TIL ALLE DYKK SOM LURE OG SOM ER VÅRE POTENSIELT NYE! TA TUREN OG SJEKK UT KVEN ME ER OG KVA ME HAR Å TILBY! VELKOMEN TIL MØTE NO PÅ SUNDAG 18.02.24 KL 16:00! KOM OG VÆR MED Å BIDRA TIL AT VOSSAPONNI KAN UTVIKLAST VIDARE! 😍

15/12/2023
14/11/2023

Me ynskjer ponni-interesserte jenter og gutar i alderen 10-15 år hjarteleg velkomne til ei kjekk ponnihelg med overnatting laurdag 25.- sundag 26. november 2023.
I to dagar skal me ha det kjekt med ponniane og øve oss på stelling, riding, køyring og meir.
Me skal overnatte i klubbhuset til Voss tråvlag på Kyte, og her skal me også lage mat ilag, sjå film og lære mykje nytt.
Det er ingen krav til nivå eller tidlegare erfaring for dei som deltek. Instruktørane på VossaPonni tilpassar innhaldet etter nivået på dei som deltek. Målet med helga er at borna lærer meir om ponnistell og trening, ha det moro ilag og samtidig blir kjent med fleire ponni-interesserte.
Det er plass til 8 deltakarar på dette kurset, så her er det førstemann til mølla.
Pris per born er 1500 kr.
Kurset startar laurdag morgon og er ferdig sundag ettermiddag.
Påmeldingsfrist tysdag 21. november, via dette skjemaet:
https://forms.gle/68hBgK7vXprjXSVU9

Litt praktisk info:
Det vil være minst to vaksne frå VossaPonni til stades heile helga. Borna tek med seg sovepose, liggeunderlag og ev. p**e til overnattinga, samt ute- og inneklede. Om nokon treng å låne liggeunderlag eller sovepose kan me ordne det. Ridehjelmar og sikkerheitsvestar har me til alle. Me lagar alle måltida ilag, og dersom nokon har matallergi eller andre tilpassingar til mat, så gjev ein beskjed om dette i påmeldingsskjemaet.
For meir informasjon, kontakt Kari Nestaas Ruud, tlf 90 76 85 36 (etter kl. 16) eller send oss ein mail til [email protected]
Dei som får tildelt plass vil få beskjed om dette innan kort tid og få tilsendt pakkeliste, program for helga og betalingsinfo på e-post.

Velkomne til ei kjekk helg ilag!
Helsing styret i VossaPonni

Vossaponni

10/10/2023

Grønt nivå er fullt! Tusen takk for interessa! Meld oss gjerne framleis om du ynskjer å stå på ventelista!

Ny omgang med Grønt Nivå har oppstart onsdag etter haustferien! Grønt nivå er med foreldre og går onsdagar frå kl 17:00-...
07/10/2023

Ny omgang med Grønt Nivå har oppstart onsdag etter haustferien! Grønt nivå er med foreldre og går onsdagar frå kl 17:00-19:00.

Sitt klar kl 18:00 ikveld sundag og send oss ein mail med påmelding med fullt namn og alder på den som skal meldast på. For meir info vedrørande nivået sjekk ut brosjyra og ynskjer de meir info utover dette, så send ein mail.

Del gjerne med alle de tenkjer at dette kan vera interessant for! Me gler oss til nye møter med både nye og kjente kjekke unga og vaksne!

04/09/2023

Tusen takk til alle som har vist interessa for kursa!
Kursa er no fullteikna.

Det er kjekt å sjå så stor interessa for Vossaponni sine kurs! Me gler oss til kursoppstart fyrstkomande onsdag med grønt nivå og gult nivå som startar opp neste måndag.

Til de som har tenkt på kursa, men ikkje kommt så langt at de meldte dykk på. Send oss likevel gjerne ein mail med interesse for kurs sjølv om dei er fullteikna, slik at me får ei oversikt over behovet i bygda for denne forma for aktivitet for born, unge og for så vidt voksne også.

For ein fantastisk dag med mange hestar og ponniar!! 🤩🤩 Utruleg kjekt å sjå so mykje folk på ein regnværsdag på Voss Hes...
03/09/2023

For ein fantastisk dag med mange hestar og ponniar!! 🤩🤩 Utruleg kjekt å sjå so mykje folk på ein regnværsdag på Voss Hestesportsenter!

Vossaponniane deltok ikkje idag, og hadde fri. Dei sikta seg inn på neste løp!

VossaPonnigjengen koste seg idag med å stå til teneste for dei besøkande og sørga for at ting var på stell for ponniane som kom på besøk!

Rekruttløpet var sponsa av Lyngsgård Maskin
Ponniløpet var sponsa av Stall Storetvedt
Fotoa er tekne av Odd Sivertsen

01/09/2023

I MORGON LAURDAG 02.09. FINN DU OSS PÅ VOSSEVANGEN VED VANGSKYRKJA FRÅ KL 10:45-15:00!
KOM Å HELS PÅ BÅDE OSS OG PONNIANE!

Sjå her alle saman! Me dukar for ein ny sesong med kurs og arrangement på Vossaponni! 🥰 Det er gjort litt endringar på n...
27/08/2023

Sjå her alle saman! Me dukar for ein ny sesong med kurs og arrangement på Vossaponni! 🥰 Det er gjort litt endringar på nivåa. Så ta ein kikk i brosjyra og sjå om du finn noko som passar! Me håpar me ser dykk!

I morgon MÅNDAG 28.08.2023 kl 18 åpnar påmelding til dei ulike nivåa. Det er fyrste mann til mølla prinsippet!

All påmelding skjer til mailen vår: [email protected]

DEL OG FORTEL ALLE DU TRUR DETTE KAN INTERESSERE!

Vossaponni er ein frivillig og dugnadsbasert organisasjon for ei levande bygd! Skulle du ha ein draum om å ha kontakt med hest og kan tenkja deg å bidra som frivillig, så er du også velkomen til å ta kontakt! 🤩 Du finn også oss på Vossadagen på stand 02.09.23 i sentrum! Kom gjerne å hels på oss med både små og store! Me gler oss!

Vossaponni er på jakt etter bølgeblikk-plater til taket på høyskuret vårt. Er det nokon som har nokon til overs som dei ...
14/08/2023

Vossaponni er på jakt etter bølgeblikk-plater til taket på høyskuret vårt. Er det nokon som har nokon til overs som dei vil donere til oss eller selje billig? 😃

Me ynskjer ponni-interesserte jenter og gutar i alderen 10-15 år hjarteleg velkomne til ei kjekk ponnihelg med overnatti...
04/05/2023

Me ynskjer ponni-interesserte jenter og gutar i alderen 10-15 år hjarteleg velkomne til ei kjekk ponnihelg med overnatting laurdag 27.- sundag 28. mai 2023.
I to dagar skal me ha det kjekt med ponniane og øve oss på stelling, riding, køyring og meir.
Me skal overnatte i klubbhuset til Voss tråvlag på Kyte, og her skal me også lage mat ilag, sjå film og lære mykje nytt.
Det er ingen krav til nivå eller tidlegare erfaring for dei som deltek. Instruktørane på VossaPonni tilpassar innhaldet etter nivået på dei som deltek. Målet med helga er at borna lærer meir om ponnistell og trening, ha det moro ilag og samtidig blir kjent med fleire ponni-interesserte.
Det er plass til 8 deltakarar på dette kurset, så her er det førstemann til mølla.
Pris per born er 1500 kr.
Kurset startar laurdag morgon og er ferdig sundag ettermiddag.

Påmeldingsfrist sundag 21. mai, via dette skjemaet: https://forms.gle/7NKUigRFKjrNGcie6

Litt praktisk info:
Det vil være minst to vaksne frå VossaPonni til stades heile helga. Borna tek med seg sovepose, liggeunderlag og ev. p**e til overnattinga, samt ute- og inneklede. Om nokon treng å låne liggeunderlag eller sovepose kan me ordne det. Ridehjelmar og sikkerheitsvestar har me til alle. Me lagar alle måltida ilag, og dersom nokon har matallergi eller andre tilpassingar til mat, så gjev ein beskjed om dette i påmeldingsskjemaet.
For meir informasjon, kontakt Kari Nestaas Ruud, tlf 90 76 85 36 (etter kl. 16) eller send oss ein mail til [email protected]

Dei som får tildelt plass vil få beskjed om dette innan kort tid og få tilsendt pakkeliste, program for helga og betalingsinfo på e-post.

Dette er eit pilotprosjekt som me håpar å arrangere fleire gonger om det er interesse for det. Ynskjer bornet ditt å delta men datoen passar ikkje? Gi oss ein tilbakemelding, så tipsar me deg om neste helgekurs!

Velkomne til ei kjekk helg ilag!
Helsing styret i VossaPonni

09/01/2023

Kl 18 ikveld startar påmeldinga til nye kurs! 🤩

08/01/2023

Me i Vossaponni vil informera om at me har mistanke om virus blant våre ponniar. Me veit diverre ikkje kor det kjem ifrå eller kva kjelda er. Me mistenker eit koronavirus som smitter frå hest til hest, via fôr, personar som går mellom ulike stallar eller for eksempel avføring frå andre hestar. Vossaponni har informert alle sine hjelparar og dei er informert om kor viktig det er med reinhald i ein slik setting og at me ikkje nyttar same kledna eller skodna i møte med andre hestar.

Koronavirus er normalt ikkje farleg og dermed heller ikkje varselpliktig, men me velgjer likevel å gå ut med dette, då me ikkje ynskjer å bringe smitten vidare. Våre ponniar har blitt raskt gode att etter støttebehandlig som hyppig tilsyn, ro, rikeleg med væsketilgang og avsperring frå dei andre ponniane i eit døgn eller berre over natta.

Hester kan få et koronavirus som gir mage-/tarmsykdom som for eksempel diare eller milde kolikksymptomer. Dette er ikke det samme koronaviruset som gir Covid-19 hos mennesker.

Oppdatert brosjyra til Vossaponni for 2023 - Påmeldinga for kurs er åpna! Me køyrer fyrste mann til mølla prinsippet! Al...
08/01/2023

Oppdatert brosjyra til Vossaponni for 2023 - Påmeldinga for kurs er åpna! Me køyrer fyrste mann til mølla prinsippet! All påmelding skal skje via vår e-post adressa [email protected]

Me gler oss til ein ny sesong med spanande møter mellom folk og ponni 🤩 Kursa har oppstart fyrste veka i februar.

Gjerne lik og del slik at alle får da med seg!! 😁

Godt Nytt År alle saman! 🥳🥳Vossaponni vil takka alle som har bidrege til nok eit godt gjennomført år. Året 2022 fekk Vos...
02/01/2023

Godt Nytt År alle saman! 🥳🥳

Vossaponni vil takka alle som har bidrege til nok eit godt gjennomført år. Året 2022 fekk Vossaponni endå fleire hjelparar med på laget!

Me vil nytta anledninga til å takka våre sponsorar nok ein gong, våre fôrryttara, instruktørane som held kurs uansett vær og tar godt imot våre elevar, og som reiser til Bergen på ponni landsleir og ponnitrening! Me vil og takka øvrige medlemmer og andre hjelparar som dukkar opp når det trengs! De er rå alle som ein! Tusen takk for at de gjer Vossaponni til ein stad for alle som er ponni og hesteinteressert!

Me gler oss til eit nytt år med både kjente og nye ansikt og opplevinga i vente! 🤩

Denne veka vil me og starta med å annonsera kursoppstart og gje drypp om vidare plana for vinter og vår 2023! 😉 Følg med vidare!

Årets jolagåva!! Mykje flotte bilete! Løp og kjøp! Du finn dei på Voss Hestesportsenter, eller du kan bestilla via oss e...
01/11/2022

Årets jolagåva!! Mykje flotte bilete! Løp og kjøp! Du finn dei på Voss Hestesportsenter, eller du kan bestilla via oss eller Voss Tråvlag si sida! Ta kontakt og me skaffar deg kalendaren.

Vossaponni er så utruleg heldige at me får halmen sponsa av Holtan Gård!! Tusen tusen takk!! Dette var knall og kjempe s...
31/10/2022

Vossaponni er så utruleg heldige at me får halmen sponsa av Holtan Gård!! Tusen tusen takk!! Dette var knall og kjempe stas! Ponniane gler seg til at halmen kjem! Halmen gjekk ned på høgkant ifjor, noko me reiknar med at den vil i år og! Tusen takk for at de tok dykk det ekstra bryet med å pakka ballane i plast, også det gratis! For ein service! Heilt fantastisk for ein sponsorvilje! Sjekk ut www.holtangaard.com for å verta meir kjent med denne flotte gjengen! Dette er dyktige og kjekke folk med lang og brei kunnskap innan hestesport og avl!

Diverre er ikkje transporten av det billigaste slaget for tida, heller tvert imot, men trur de ikkje at me har fått transporten frå aust til vest også sponsa! Syvertsen Hestetransport stiller opp og leverer halmballane til oss på Voss og det heilt gratis !! Tusen takk til Syvertsen Hestetransport for gratis transport, dette var ei fantastisk nyhende å få bringa vidare til Vossaponni gjengen og heiagjengen vår! Syvertsen Hestetransport har eksistert sidan 1950, og gjer dei dermed til ein av dei med lengst og best erfaring og kunnskap innan transport av hest! Sjekk dei ut på https://www.syvertsens-hestetransport.no/

Me gler oss til å gjera æra på desse to firmaene med eit par skikkelege ponniløp til våren!! Vossaponni gjengen takkar og bukkar for at de er med og bidreg til at me kan halda fram med dette lågterskeltilbodet, og rekruttering innan hestesporten blant barn og unge!

Brosjyra til Vossaponni (oppdatert versjon)
06/09/2022

Brosjyra til Vossaponni (oppdatert versjon)

PÅMELDINGA ER ÅPNA! SÅ MELD DYKK PÅ!🤩🤩Me er no blitt eit sterkt instruktørteam på 8 instruktørar. Klare til å ta imot ny...
05/09/2022

PÅMELDINGA ER ÅPNA! SÅ MELD DYKK PÅ!🤩🤩

Me er no blitt eit sterkt instruktørteam på 8 instruktørar. Klare til å ta imot nye elevar for sesongen! Teamet har mykje kompetanse innan ulike greiner innan køyring(mellom anna maraton og trav), longering, ridning med dressur og sprang og mykje meir. Me legg opp kurset slik at den instruktøren med mest kompetanse på feltet held den aktuelle timen.

Nivå 0-1 køyres som enkelt ståande kurs på 2 timar kvar gong i annonserte helger. Fyrste annonserte helga dei arrangeres i vert den 24.09. og 25.09 med atterhald om at det vert nok påmeldte. Begge dagane går kurset frå kl 14:00 - 16:00. Ein kan melde seg på berre det eine, eller begge dagane om ein ynskjer det.

OBS OBS! Nivå 2 går ONSDAGAR og har oppstart 21.09.22. og går frå kl 16:30-18:30

Nivå 3 går MÅNDAGAR og har oppstart 19.09.22 og går frå kl 16:30-18:30

MELD DEKAN PÅ! DET ER FYRSTE MANN TIL MØLLA PRINSIPPET!

DEL GJERNE SLIK AT ALLE FÅR ANLEDNINGA TIL Å FÅ DET MED SEG!!

04/09/2022

Video nr 2, filma av Agnes Gilbakken!

04/09/2022

Video frå rekruttløpet idag! Filma av Agnes Gilbakken!

Vossaponni leige ut området sitt for sommaren. 2 store containera, stor uteplass, oppbindingsplass og 1 brakka til utsty...
22/06/2022

Vossaponni leige ut området sitt for sommaren. 2 store containera, stor uteplass, oppbindingsplass og 1 brakka til utstyr + strøm & vatn.
Fôrplass både ute og under tak, vatn, vanndunker og trillebår/greip er på plassen.
Plass til 4 ponnia, max størrelse - Nordlandshest/Lyngshest.

Flotte trenings muligheta med travbane, rundløypa, stor ridebane og ellers flotte ridemuligheta i skogen.

Ledig til ut veke 32.

1000,- mnd pr ponni.

Ta kontakt på messenger.

30/05/2022

Vossaponni søkjer ivrige,engasjerte,erfarne, pålitelege vaksne som vil vera med å drifta Vossaponni🤩
Det vil sei kurshaldara( treng ingen utdanning,kun relevant erfaring innan køyring og riding), styremedlem, ansvar for dagleg drift og stell.
Me har mange gode hjelparar som hjelper oss med dagleg trening, stell og foring.
Ta kontakt i innboks om du trur dette kan vera noko for deg! 😊😊

Adresse

Reppavegen 745
Voss
5700

Telefon

+4797106518

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vossaponni legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vossaponni:

Videoer

Del

Dyrebutikker i nærheten


Andre dyrebutikker i Voss

Vis Alle

Kan hende du også liker