Naustvoll Gard og Kennel Citagarden

Naustvoll Gard og Kennel Citagarden Skule- og arbeidstilbod utan prestasjonskrav. Avlastning. Friidstilbod. Inn på tunet. Oppdrett av fjordhest, dølahest og schäfer (brukslinjer). Saueproduksjon.

Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving? Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Vi har skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, arbeidstilbod utan prestasjonskrav, fritidstilbod og avlastning. Visjonen vår: Naustvoll Gard s

kal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere. Vi vil nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, for å lage spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Anne-Brit er utdanna adjunkt med tillegg. Utdjupa fag på høgskule er naturfag, matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel. Både Arne og Anne-Brit har høgskuleutdanning innan "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena". Garden er merkegodkjent innan kvalitetssystemet Inn på Tunet, Kvalitetssystemet i Landbruket.I tillegg er det Schäferhund-oppdrett i namnet Citagarden. Det er detaljert info om hundane og filosofien bak, på websidene til garden.

22/12/2024
Nokon som er seine med presangar??? Her er skinn,  ulike fargar og storleikar. Kr.1800 og oppover.Har fleire skinn enn d...
22/12/2024

Nokon som er seine med presangar???
Her er skinn, ulike fargar og storleikar. Kr.1800 og oppover.
Har fleire skinn enn det som er bilete av her altså 🙂

OBS- OBS Garden blir stengd i desember òg ...Det tek lengre tid med handleddet mitt, enn det eg hadde tenkt ...Satsar på...
03/12/2024

OBS- OBS Garden blir stengd i desember òg ...
Det tek lengre tid med handleddet mitt, enn det eg hadde tenkt ...
Satsar på at det blir som normalt i 2025 ...

Garden er framleis stengd, og framleis er det Arne som jobbar.  Han fòrar dyr, bygger, ber høgtalarar, koblar leidningar...
25/11/2024

Garden er framleis stengd, og framleis er det Arne som jobbar. Han fòrar dyr, bygger, ber høgtalarar, koblar leidningar - og eg set veldig pris på alt saman

15/11/2024

Eg tenkjer på at eg er heldig som har ein så snill mann, at han har teke seg fri utan løn ut året, for å gjere alt arbeidet eg ikkje kan gjere ... omtrent alt er tungt arbeid. Og å køyre trillebår med ei hand 😆😁😄
Eg går rundt og ser. Filmar litt (med ventre) må redigere ein del. Det tek òg lang tid.
... no forstår eg veldig godt uttrykket "venstrehandsarbeid" for oss for er høgrehendte. Det er ikkje bra🙃

Takkar for helsingar.Garden blir stengt denne veka som kjem òg.  Det er så tungvint med berre ei hand som kan brukast, o...
10/11/2024

Takkar for helsingar.
Garden blir stengt denne veka som kjem òg. Det er så tungvint med berre ei hand som kan brukast, og så at det er venstrehanda som skal redde kvardagen, gjere at alt tek så lang tid ...
Men eg har ein snill mann, som har teke seg fri utan løn, så dyra har det heilt fint

Citagardens Gaia er november-biletet på kalenderen til Dyrevernalliansen.Ein god organisasjon som jobbar for å betre fra...
09/11/2024

Citagardens Gaia er november-biletet på kalenderen til Dyrevernalliansen.
Ein god organisasjon som jobbar for å betre framtida for ulike grupper av dyr.

Garden blir stengt ei stund framover fordi AB har brote handleddet.Trasig, men lite å gjere med ...Bilete for fokus og s...
04/11/2024

Garden blir stengt ei stund framover fordi AB har brote handleddet.
Trasig, men lite å gjere med ...
Bilete for fokus og sympati - stakkars meg 🤣
Ventar på operasjon om 1-2 veker, då kaneg bli betre håpar eg.

Fin dag 🐾🐴
02/11/2024

Fin dag 🐾🐴

Naustvoll gard skinn ( eigen mix 😄🐏) - julepresang?Mange ulike typar - har fleire enn dette ... Nr.1,2,5 og 6: 2500kr pr...
01/11/2024

Naustvoll gard skinn ( eigen mix 😄🐏)
- julepresang?
Mange ulike typar - har fleire enn dette ...
Nr.1,2,5 og 6: 2500kr pr.stk
Nr.3 3.200kr - ser ikkje så fint ut på bilete, men utruleg spesielt og fint. Eg har aldri hatt eit sånt skinn før.
Nr. 4 -ulike typar/storleikar av brune skinn 1.800-2.200
Store svarte skinn mm. 2.200 kr
Alle skinn er garva her i Norge, på Granberg Garveri as i Ølensvåg.

Spørsmål? Send pm.

Citagardens Marco er med på å feire Halloween 💀😀😀😀
31/10/2024

Citagardens Marco er med på å feire Halloween 💀
😀😀😀

Naustvoll gard ligg under Sogndal.
31/10/2024

Naustvoll gard ligg under Sogndal.

Inn på tunet er tilrettelagt og kvalitetssikret velferdstilbud på gardsbruk som skal gi mestring, utvikling og trivsel.

Nasjonal Inn på tunet konferanse
31/10/2024

Nasjonal Inn på tunet konferanse

Vi kan by på et variert og spennende program med innledere som gleder seg til å formidle kunnskap, erfaringer og kompetanse. Vel møtt til to innholdsrike dager i Stavanger!

27.oktober 24: Gratulerer: Tore Johnny med Citagardens Gabby Luna og Anne-Brit med Citagardens Jasco og Citagardens Kela...
28/10/2024

27.oktober 24:

Gratulerer: Tore Johnny med Citagardens Gabby Luna
og Anne-Brit med Citagardens Jasco og Citagardens Kela

bestod "NKK Kåringsprøve" i Bergen.

Dommar: Alf Skaar.
Arrangør: Norsk Schäferhund klub avdeling Bergen

To helgar med kurs = Jasco og eg er godkjende som BVH, BesøksvVenn med Hund, som er DyreAssistert Aktivitet DAA.Balestra...
20/10/2024

To helgar med kurs = Jasco og eg er godkjende som BVH, BesøksvVenn med Hund, som er DyreAssistert Aktivitet DAA.
Balestrand Røde Kors organiserer framover.

Ta kontakt med ditt lokallag, om du tenkjer at det er noko for deg (som hundeeigar). Om du vil ha besøk må det gå gjennom Røde Kors, men du kan spørre meg, så kan eg hjelpe deg vidare :-)

Adresse

Kvamsøy 47
Balestrand

Nettsted

https://livdi.no/, https://kennelcitagarden.no/

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Naustvoll Gard og Kennel Citagarden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del