Sondeforing av lam
Slakke lam kan med fordel sondeforast, veldig viktig med minst 2 dl råmjølk straks etter fødsel og iallefall innan 4 timar.
Dette er veldig trygt gjort på rett måte. Lær deg å kjenna luftrøyret, med sonde i spiserøyret kjener du 2 røyr på halsen. Då er du garantert på rett plass og får råmjølk på rett plass.
Babesiose på storfe, no kan me konkludera med at denne flåttbårne sjukdomen er kommen til Indre Hardanger også.
1. pasienten vart råka denne veka, og måtte i dag sjå slaget som tapt.
Dette er ein parasitt som går laus på dei raude blodlekamane. Dei sprikk og dyret «mistar blod», får gulsot og tissar colafarga urin.
No kjem me til å ha rett medisin på lager, og blodoverføringsremediar nok til eit stort dyr.
Lam som daudar på haustbeite etter sanking
Det er mange som opplever at fine påsettlam, værlam eller blålam brådauar på haustbeite.
Sannsynleg diagnose er Pulpa-nyresjukdom.
Fram til fjellsending er lamma beskytta. Mora som blei vaksinert før lamming har gitt lamma antistoff via råmjølka. Første timane etter fødsel går antistoff frå råmjølk gjennom tarmveggen og over i blodet, me kallar det maternale antistoff i blodet.
Ved sanking om hausten er dei maternale antistoffa nedbrotne, og lammet er utan vern mot pulpanyresjukdom.
Ved overgang frå fjellbeite til håbeite heime vil ein risikera å få sterk oppvekst av bakterien Clostridium perfringens i mage-tarmkanalen. Bakterien lagar eit giftstoff som råkar nyrene, og dyret vert akutt forgifta og daudar tilsynelatande utan å sjå sjukt ut.
Derfor har me fylgjande tilråding:
• Set inn påsettlam, værar og blålam straks ved sanking
• Tilkall veterinær for vaksinering
• Inneforing på høy og utan kraftfor i 14 dagar etter vaksinering
• 14 dagar etter vaksinering kan dei sleppast på heimebeite
• Bonus frå haustvaksinering av lamma er at dei vil få eit høgare nivå /antistofftiter etter vaksinering før lamming om våren. Det betyr igjen at lamma til åringane vil få i seg mykje meir antistoff frå råmjølka. Det vert ei slags grunnvaksinering, kroppen sitt immunforsvar hugsar etter 1. dosering, dermed vil dei få ein høgare produksjon av antistoff ved 2. vaksinedose.
• Ikkje vaksineruter på hausten, men me har vaksine på lager. Ring vakthavande med det same du har fått lamma heim og har sett dei inn, me kjem same dag eller 1.kvardag og vaksinerer hjå deg. Sankar du ilag med fleire er det greitt å vaksinera på fleire gardar samstundes til ein noko redusert pris pga delt køyredel.
Trist med daudfødde lam. Men nabosauen fekk samstundes trillingar, som er ein for mykje.
Vellukka adopsjon frå fyrste stund, ho her vart kjempeglad for å få eit lam å stella med.
Hugs innvollsnyltarbehandling første del av november. Parasittane kapslar seg inn og ligg i dvale fram til våren, då når ikkje medisinen inn og virkar dermed ikkje. Så har du to alternativ til opplegg:
1. Behandla alle dyr no
2. Behandla alle påsettlam no ved innsett, og alle drektige dyr 2-3 veker før lamming
( eg syns alt 2 er grei)
I regelen køyrer me 3 sesongar på samme parasittmiddelgruppe
I Ivermectin , har kun 1 alternativ i denne gruppa
II samlegruppe Valbazen, Panacur og alle dei andre
Lukka til!
Ikkje ofta denne reiskapen må fram.
Embryotomen kom vel med i dag, ja var aldeles nødvendig.
Kalven var komen ut med hovud og ein fot, daud når eg kom fram.
Saga av hovud og måtta ta framfoten og. Pressa på trass låg epidural, men etter å ha klart å skubba kalven inn så fekk eg fram den andre foten også.
Det høyrer sjølvsagt med at kvigo ikkje ville opp, og låg på verste båsen .
No håpar eg berre ho får mot til å risa seg.
Og eg treng ein dusj.
Gode nyheiter!
Me ynskjer velkommen på vaktlaget veterinær Anna Waenerlund frå 1. desember.
Ser fram til endeleg å ha stabil 4. delt vaktordning.
Anna har arbeidt i 3 år i Strømstad. Kombinert praksis med Prduksjonsdyr, Hest og Smådyrklinikk.
Dyra i Ullensvang kommune er sikra dyrlegehjelp. Og me ser fram til eit godt samarbeid med ny kollega.
Ho kjem til å delta på vakter og rutinearbeid i stall og fjøs. Og de møter henne også som klinikkveterinær på Hardanger Dyreklinikk.
Anna kjenner Odda, og har vore her på besøk tidlegare. No ser ho fram til å flytta hit, bu ilag med kjærasten, og me tenkjer ho vil trivast med både jobb og fritid på den nye heimplassen sin.
Velkomen!
Alvorleg akutt lungebetennelse
Fødsel med lukkeleg utgang