Frøygard

Frøygard Følg oss i prosjektet vårt med å restaurere og utvikle ein gammal gard. Med skogslandbruk og økologisk drift.
-
Stardalen (Sogn og Fjordane)

Det harde livet 🌞🐽--
19/07/2023

Det harde livet 🌞🐽
--

No har me endelig tid til å senke skuldrane.🫡 Det vart mange timar brukt på kjøkken og marknader. Me traff mange hyggeli...
23/12/2022

No har me endelig tid til å senke skuldrane.🫡 Det vart mange timar brukt på kjøkken og marknader. Me traff mange hyggelige folk og mange av dei har fått Julesylta vår. Det er stort og gledeleg for oss å tenkje på alle dei som skal sitje på omlag samme tid og ha eit lite stykje av FRØYGARD med på bordet, klar til å glede store og små. 🥰

Tusen takk alle samman, for handel, for støtte. Ein RIKTIG GOD JUL må de ha ! ❤🙏🎄✨️❄️❄️❄️

Korleis ser JULESYLTA vår ut?--På smak fronten har vi hatt kun utelukkande positive tilbakemeldingar så langt. Og det gj...
05/12/2022

Korleis ser JULESYLTA vår ut?
--
På smak fronten har vi hatt kun utelukkande positive tilbakemeldingar så langt. Og det gjer kokken veldig glad!!
--Kom og smak sylta på BONDENSMARKED i FØRDE både desember 10 og 17. Ein finner oss òg på REKO-RINGENs gruppene i Sogn og Fjordane. Evt. er det bare å sende oss ein melding :)

Livet er best på beite -
05/10/2022

Livet er best på beite
-

Vinterfôring av brune bier med selskap av hestar her på Frøygard.--
25/09/2022

Vinterfôring av brune bier med selskap av hestar her på Frøygard.
--

Nyter livet på beite ☺️ Hadde dei visst, hadde dei sikkert vore lettare å flytte  😅 (viser til forrige post)            ...
24/09/2022

Nyter livet på beite ☺️ Hadde dei visst, hadde dei sikkert vore lettare å flytte 😅 (viser til forrige post)

Såååååå lenge sidan sist !!! Så kva har skjedd i all den tida me har vore så stille?--DET VANDRANDE KJØKENET:Fokuset var...
04/09/2022

Såååååå lenge sidan sist !!! Så kva har skjedd i all den tida me har vore så stille?
--
DET VANDRANDE KJØKENET:
Fokuset var å skaffe seg jobb. Og for det har den franske kokken bygd seg ei eiga matvogn for å kunne selgje tradisjonelle pizza frå bygd te bygd, til glede for store og små !
Og dette byggesprosjekt tok lang tid, frå januar til juni. Hektisk var det, og for å kunne tene til livets opphold både for familien og dyra på garden hasta det med å få det ferdig.
--
GARDEN:
Som følge av byggeprosjektet blei det meste av gardsarbeid satt på vent, noko som førte til ein del forsinkelsar. Flytting av gris til sommarbeite blei ekstra vanskelig då dei på ingen måte ønskte forlate vinterbingen. Det til tross for at den var blitt ein ordentleg sølepytt🥴. Det endte med at me måtte sperre vegen i nesten 8 timar og få hjelp av heile familien for å klare å få alle ut. Og det var berre for å krysse vegen 🤯😭.... Det pluss ein del andre ting måtte gjerast for å få litt orden på garden igjen.
--
BABY:
Sist, men ikkje minst. I fjor haust kunne vi ønske eit nytt lite medlem velkommen og barneflokken vår gjekk frå å vere to til tre👦👦👶

Vi har med andre ord hatt nok å henge fingrane i, men satser på at de no vil kunne høyre meir frå oss framover 😄😄 !!
--
Følg gjerne DET VANDRANDE KJØKENET på facebook ! :)
--
--

Når ein vil ha all mat for seg sjølv 😂😅😅 --
19/02/2022

Når ein vil ha all mat for seg sjølv 😂😅😅

--

SURRET SVINESTEK (av bog)--Den perfekte familierettenHer kan du sjå ein grunnleggande måte å steike dette gode kjøtstykk...
06/12/2021

SURRET SVINESTEK (av bog)

--
Den perfekte familieretten

Her kan du sjå ein grunnleggande måte å steike dette gode kjøtstykkjet i omnen.

Råd frå kokken på garden: Salter, kryddrer eller marinerer godt på førehand. Helst 2 døgn før.
Veldig god smak når smurt med Dijon Senep eller med honing + timian
Bruk grill i omnen så du får ein fantastisk sprø svor.

https://www.youtube.com/watch?v=fthcBbfQ1Vs&t=5s

Vi viser deg hvordan du på en enkel måte tilbereder en stek i ovnen. På denne måten kan du imponere venner og familie med en perfekt stek. Metoden gjelder fo...

Ser det godt ut❓❔Det smakte iallefall veldig godt 😄Lyst på oppskrifta? 😃↙️Ta 1kg ytrefilet (med eit lag feitt)  av din f...
06/12/2021

Ser det godt ut❓❔

Det smakte iallefall veldig godt 😄

Lyst på oppskrifta? 😃
↙️

Ta 1kg ytrefilet (med eit lag feitt) av din favoritt svinekjøtt-leverandør. 😉

La det ligge to døgn i kjøleskapet med salt og pepper, krydder eller marinade.

Rull den godt i ei blanding av kverna mandler og mjøl.

Sett stykket under grill i omn så den blir farga på alle sidar untatt den med feitt.

Snu den sånn at feitlaget på kjøtet ligg vendt opp. Ha over kraft til at litt over halvparten av stykket er dekt.
(Ein kan gjerne aromatisere krafta med litt cognac; kvittvin; eplejus; eller annet...)

Kok opp, og la det så stå med lokk i ovnen på nederste rille, i minimum 30min på 180°C.

Ta av lokket og la det koke i minst. 15 nye minutt til at toppen av kjøtstykket blir skikkelig grilla.

Ta ut kjøtet

Bland fløte og sopp (som du har steikt på førehand) i krafta.
(Her hadde me òg pastinakk blandet med)

Kok opp og nyt!

BON APPÉTIT! 👋🙂

30/11/2021

YTREFILET
__
Det Jamie Oliver lager ser deilig ut 🤤 :
https://fb.watch/9B-cKF2cup/

Det kan ein prøve å lage med ytrefiltene våre 😋

(La marinaden trekke godt inn i nokre timar på førehand ! 😉)

== FRØYGARD ==SVINEKJØT AV MANGALITSA - 24 MÅNADER - UTEGRIS --GRISANE: Grisane våre har levd i over 24 månader (tilsvar...
26/11/2021

== FRØYGARD ==

SVINEKJØT AV MANGALITSA - 24 MÅNADER - UTEGRIS

--

GRISANE: Grisane våre har levd i over 24 månader (tilsvarande ca. 4 "vanlege" griseliv i konvensjonell produksjon)
Dei leiker med kvarandre, roter i jorda, får kos, og alt muleg anna ein gris kan finne på! Grisungane forblir med mora så lengje dei treng det.
Dei er ute året rundt.

KJØT: Kjøtet er av svær god kvalitet, veldig fint marmorert. Utmerket til speking.

FÔRING: Fôra med økologisk (DEBIO godkjent) kraftfôr og eigenprodusert økologisk (DEBIO godkjent) grovtfôr og anna (ikkje økologisk) variert fôr. Pluss alt dei kan fine sjølv på beite og i jorda.

PRIS: RIBBE 520 kr/kilo YTREFILET 580 kr/kilo INDREFILET 655kr/kilo BOGSTEIK 430 kr/kilo

(Vi har valgt ein produksjon som går i lag med vårt livsyn. Men det er virkeleg dyrt å drive sånn. Vi håper derfor på respons frå dei som er på leit etter sånne esklusive matvarer og vil støtte eit veldig ukonvensjonell landbruk.)

(Lyst på noke spesielt? Spør oss på PM)

Bli med REKO-RINGEN:
Førde: https://www.facebook.com/groups/rekoforde
Sogndal: https://www.facebook.com/groups/785757611798212
Gloppen: https://www.facebook.com/groups/267432644117837
Vassenden: https://www.facebook.com/groups/211376527101578

--
FACEBOOK // Frøygard ; INSTAGRAM // Gardseventyret

03/10/2021

Skalkefest i grønnsaksåkeren. Trur dei blei fornøgde 😁

--

Avslappa type 🐽🐖
03/10/2021

Avslappa type 🐽🐖

Ein som nyter fine dager på beite 🐴🐎🌞
29/08/2021

Ein som nyter fine dager på beite 🐴🐎🌞

Ein inspirert unge byggjer seg eige plaskebasseng og nyter det fine veiret 🌞--
04/08/2021

Ein inspirert unge byggjer seg eige plaskebasseng og nyter det fine veiret 🌞

--

🦋🌺
19/07/2021

🦋🌺

Grisar i det grønne🌿🌿🐷🌿🐷🌿🐷🌿🌿
08/06/2021

Grisar i det grønne
🌿🌿🐷🌿🐷🌿🐷🌿🌿

01/06/2021

Veien frå beite til ny dyrka jord. 🌾🌿🌾🎶

Skal så noke godt(eri) til grisane.🐷

--

Gjesp😴🥱
28/04/2021

Gjesp😴🥱

Skogsarbeid🌳🌲🌨️❄️
27/01/2021

Skogsarbeid🌳🌲🌨️❄️

Tor seier hei!😁🐎🐴
10/01/2021

Tor seier hei!😁🐎🐴

08/12/2020

Friminutt i grisebingen ‼️ 🥰

#

Dagen alt blei kvitt ☃️
21/11/2020

Dagen alt blei kvitt ☃️

Mykje snø☃️ og ein ung ullgris🐷 i Stardalen.
21/11/2020

Mykje snø☃️ og ein ung ullgris🐷 i Stardalen.



Hanefar står i stil med haustfargane🐓🍁🍂
25/10/2020

Hanefar står i stil med haustfargane🐓🍁🍂

Eit hint av vinter 🌼❄--
15/10/2020

Eit hint av vinter 🌼❄

--

"Har du noko mat?" 🐷🐽__
05/10/2020

"Har du noko mat?" 🐷🐽

__

Åkeren - rett før vi tok opp poteter og kålrot
02/10/2020

Åkeren - rett før vi tok opp poteter og kålrot

Når gris møter ku🐮🐷         # gladgris
29/08/2020

Når gris møter ku🐮🐷

# gladgris

Vi har vore på skattejakt! Gardseventyret vårt har ført oss til Måren. (sjå «der ingen skulle tru at nokon kunne bu») Ei...
12/08/2020

Vi har vore på skattejakt!

Gardseventyret vårt har ført oss til Måren. (sjå «der ingen skulle tru at nokon kunne bu») Ei halvøy ved Sognefjorden med få fastbuande.

Her bur Ivar Orvedal.

I dei bratte bakkane har han drevet gard, med gammalnorsk sau og avling av nordlandshest. På vinterstid kunne det skje at han var åleine på halvøya. Det travle gardslivet har han no lagt på hylla. Dagane dedikerer han til skriving og fotografering av natur. Han har alltid funne selskap i musikk og poesi. Dette falt i smak hos Viljam som er av nokenlunde same sjel.
No når det ikkje lenger er hest på garden stod han igjen med ein del hestereiskap. Og det er nettopp desse som er årsaken til at dette kapittelet av eventyret blei skreve.

Ei høyrive, ein potetopptaker, plog og fjørhorv. Og endelig, det vi har leita lengst etter, ein høyvendar! Etter å ha brukt mange dagar av fjorårets sommar på å snu gras med høygaffel er denne veldig etterlengta. Eit steig inn i meir moderne tid for vår del, hurra!

Reiskapane var store, og dermed vanskelig å skulle frakte med vanlig hengar. Heldigvis kom vi i kontakt med Geir Bjørnarheim. Ein hyggeleg mann frå Sandane som køyrer Noreg rundt med sin kraftige bil og ein hengar med veldig generøse dimensjoner. Det blei ein lang men kjekk tur. Og det var imponerande å sjå korleis Geir klarte å komme seg gjennom dei trange svingane på Måren. Og best av alt - vi fekk frakta all reiskapen på ein einaste tur. Så om nokon treng hjelp av den sort kan vi anbefale å ta kontakt med han, uavhengig av kvar du befinn deg i landet! (Kan òg spørje oss på privatmelding om telefonnr.) Han frakter òg bilar og småtraktorar.

Turen tok sin tid, men «skattane» vi fekk og personane vi møtte gjorde den så absolutt verdt det.

--
PS: Det er mulig å følgje Ivar og sine mange prosjekter både her og der. Ta gjerne ein kikk 😉 :

Instagram
-

Facebook
-Ivar Orvedal
-Postreptilia
-Per Spelmanns comeback

Flickr
-orvedalivar

@ Måren, Sogn Og Fjordane, Norway

02/08/2020

Ukas kulturminneplante: Nest etter rose, er lind den planten det ble laget flest sanger om i middelalderen.

🐽🐷🐽
26/07/2020

🐽🐷🐽

15/07/2020

Grisane blei i går flytta til eit finare og vesentlig større beite. Glade blei dei, og det kan vi forstå. 😀 Her finn dei mykje mat, både saftig gras, deilige bær og små krypande godbiter. 🌿☘🍒🦗🐛 På forrige beit hadde dei nemlig ete ned absolutt alt, så det var ikkje så kjekt å være der lenger 🙅‍♂️

Vi hang saman med dei ein god stund så dei kunne kjenne seg trygge i sin ny "heim". Litt kløing her og der og t.o.m. Viljam blei brukt som kløstativ. 😁🙈

14/07/2020

Agropub - Nettside som gir deg kunnskapen du trenger for å dyrke økologisk

Full galopp🐎
10/07/2020

Full galopp🐎

Trærne veks🌳😊👍🌳 Har per no planta 210 tre, det blir snart ei runde til .
09/07/2020

Trærne veks🌳😊👍🌳 Har per no planta 210 tre, det blir snart ei runde til .

Det regner, det blåser og likevel er det vakkert. 😍 Og veit de kva? Tross det ruskete været fyker bier inn og ut av biku...
06/07/2020

Det regner, det blåser og likevel er det vakkert. 😍 Og veit de kva? Tross det ruskete været fyker bier inn og ut av bikubane. Dei er flinke. Fortjener ein klapp 😁 👏

Fugletinget 😄 Held på å vedta eiga grunnlov for Frøygard sin hønsegard 📜🐓🐔  Håpar dei blir enige !--                    ...
02/07/2020

Fugletinget 😄 Held på å vedta eiga grunnlov for Frøygard sin hønsegard 📜🐓🐔
Håpar dei blir enige !
--

Adresse

Befring/Stardalen
Skei
6843

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Frøygard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Videoer

Del


Andre dyrebutikker i Skei

Vis Alle